Maurstad kraftverk

Registreringsnummer
4526
Saksnummer
200700548
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT HOLDING AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kinn
Vassdragsområde
089.6A
Søkt produksjon
5,60 GWh

NVE har gjeve Fjellkraft Maurstad DA løyve til å bygge Maurstad kraftverk i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Det er ikkje gjeve løyve til regulering av Navevatnet og overføring av Tverrelva. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 4,3 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til 215 husstandar.

Kraftverket vil nytte ei fallhøgde på ca. 81 meter frå Navevatnet og redusere vassføringa på den utbygde strekninga i Maurstadelva ned til kraftstasjonen som skal byggast med utlaup på kote 45. Vatnet skal førast i nedgrave røyr mellom inntak og kraftstasjon. I Maurstadelva er det sjøaure som er vertsfisk for eit fåtall elvemuslingar som er raudlista. Elva har ikkje eigen bestand av laks. NVE meiner at krav til utforminga av kraftanlegget og slipp av minstevassføring på 200 l/s heile året av omsyn dei ålmenne interessene er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg. NVE meiner fordelane i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Maurstad kraftverk på fastsette vilkår.