Kvernelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 4501
- Saksnummer
- 200700617
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 07.12.2010
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Høylandet
- Vassdragsområde
- 142.3B
- Søkt produksjon
- 6,40 GWh
NVE seier nei til bygging av Kvernelva kraftverk i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag. NVE meiner at skadane og ulempene for de allmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverket.
Småkraft AS har søkt NVE om løyve til å byggje Kvernelva kraftverk i Kvernelva i Høylandet kommune, Nord-Trøndelag. Kraftverket hadde ein planlagt installert effekt på inntil 0,98 MW og ein berekna årleg produksjon på ca. 6,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 320 husstandar.
Tiltaksområdet har stor verdi for biologisk mangfald. Fleire raudlista arter er funne i bekkekløfta. Kvernelva omfattas av vassdragsvernet som gjeld for Kongsmoelva m/ Nordfolda. Bakgrunnen for vernet er mellom anna at området har eit urørt preg. Kvernelva si bekkekløft er i bekkekløftundersøkinga 2009 i regi av DN gjeve svært viktig verdi (A). Kartlegginga peikar på at bekkekløfta er velutvikla med betydelige naturverdiar knytt til naturtypen. Skogen i kløfta har karakter av regnskog. Vassføringa i elva bidrar til det stabilt svært fuktige lokalklimaet.
Tiltaket vil påverke potensialet for raudlista artar negativt. I den samla vurderinga legg NVE vekt på at Kvernelva kraftverk inneber eit inngrep med betydelige negative konsekvensar for allmenne interesser, sett i forhold til den relativt vesle kraftmengda som vil bli produsert. Vurderinga byggjer på dei negative konsekvensar endra vassføring kan medføre for biologisk mangfald, landskapsbildet og verneverdiane.
NVE meiner skadane og ulempene som vert påført dei allmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverket. Kravet i vassressursloven er derfor ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.
Kontaktpersonar
seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89
avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59