Overføring fra Rismålskardet

Registreringsnummer
4448
Saksnummer
200901887
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
07.09.2012
Tiltakshaver
RØDØY-LURØY KRAFTVERK AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rødøy
Vassdragsområde
159.7Z
Søkt produksjon
13,20 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 07.09.2022

 

Rødøy-Lurøy Kraftverk har fått løyve til tilleggsoverføring fra Rismålskardet til Reppavatn i Rødøy kommune i Nordland

Ved kgl. res. av 7. september 2012 har Rødøy-Lurøy Kraftverk AS fått løyve til å overføre vatn frå nedre Rismålvatn og vatn kote 596 til Reppavatn, i tråd med NVEs innstilling.

Rødøy-Lurøy Kraftverk (RLK) har søkt om løyve til å overføre vatn frå Rismålskardet i dei øvre delane av Reppavassdraget til deira magasin i Reppavatnet. I same tidsrom har Småkraft AS søkt NVE om løyve til å nytta nedre del av fallet i Reppaelva. Dei to prosjekta er delvis konkurrerande.

RLKs prosjekt vil føre vatn frå to mindre elver øvst i Reppavassdraget til Reppavatnet, som har vore regulert sidan 1950-talet. Prosjektet vil gje redusert vassføring på om lag 1 km i båe elvestrekningane nedstrøms inntaka. Restfeltet er stort, og vassføringa blir lite redusert lengre nedstraums.

NVEs innstilling: Etter NVE sin vurdering har tiltaket få negative verknader, og vil bidra positivt med auka kraftproduksjon. NVE legger vekt på at den auka krafta er regulerbar. NVE rår i dag Olje- og energidepartementet til å gje løyve til RLKs overføring.

Småkraft AS planla Reppaelva kraftverk med ein installert effekt på inntil 2 MW. Årleg produksjon vart berekna til 7,3 GWh, som svarar til straumbruken til om lag 360 husstandar, men ei overføring frå Rismålskardet til Reppavatnet ville føre til ei lågare årleg produksjon i Reppaelva kraftverk enn berekna i søknaden.

NVE sitt avslag bygger på dei negative konsekvensane som endra vassføring og tekniske inngrep kan medføre for biologisk mangfald, landskapsbiletet og samla belastning. Tiltaket vil redusere vassføringa i ei anadrom elvestrekning, samt i eit elvedelta som er ei truga naturtype med stor verdi for biologisk mangfald.

Etter NVE sin meining vil dei planlagde inngrepa og ei redusert vassføring ha negativ effekt på desse verdiane, samstundes som prosjektet vil gje relativt lite kraft. NVE vurderar at ei utbygginga i dei nedre delane av Reppaelva ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gir difor ikkje løyve til bygging av Reppaelva kraftverk etter dei planane som er lagt fram.