Lisleåna kraftverk

Registreringsnummer
4432
Saksnummer
200705293
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Lauen
Fylke
Agder
Kommune
Hægebostad
Vassdragsområde
024.B2A0
Søkt produksjon
1,10 GWh

NVE har gjeve lokale grunneigarar løyve til bygging av Lisleåna kraftverk i Hægebostad kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 1,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 55 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 58 meter over omlag 600 meter i Lisleåna.

Lisleåna er ei sideelv i Lyngdalsvassdraget som vart verna i verneplan III for vassdrag. Årsaka til vernet var Lyngdalsvassdragets urørde preg. Etter NVE sitt syn vil Lisleåna kraftverk med dei vilkåra som er satt, ikkje kome i konflikt med verneinteressene og heller ikkje vere i konflikt med andre kjende allmenne interesser i området.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 l/s heile året. Omsøkt regulering av Rossevatn er funne å vere i strid med vernegrunnlaget, og er ikkje tillete. Inntaket må plasserast slik at vasstanden i Lautjørna ikkje kan endrast, og rørtraseen må bores gjennom fjell i de øvste partia og deretter graves ned.

NVE vurderar utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.