Trollelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 4408
- Saksnummer
- 200702889
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 05.06.2009
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Sørfold
- Vassdragsområde
- 167.7A
- Søkt produksjon
- 5,80 GWh
NVE seier nei bygging av Trollelva kraftverk i Sørfold kommune, Nordland. NVE meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast ålmenne interesser.
Småkraft AS har søkt om løyve til å bygge Trollelva kraftverk i Sørfold kommune. Kraftverket ville nytte eit fall på om lag 155 m frå inntak ved utlaupet av Trollvatnet til kraftstasjon med utlaup i Sagfjorden. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på om lag 1,25 MW og ein årleg produksjon på om lag 5,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 290 husstandar.
NVE legg i si vurdering vekt på at bygging av Trollelva kraftverk vil ha store konsekvensar for landskapsbiletet i området, som Trollelva er ein viktig del av. Fråføring av vatn og legging av røyrgate vil vere skjemmande for landskapet. Inngrepet ville vere det fyrste i eit område som elles er upåverka av tekniske inngrep. NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Trollelva kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.