Islandsmoen minikraftverk

Registreringsnummer
4332
Saksnummer
200700441
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
19.08.2009
Tiltakshaver
NILS ARNE BERGSUND
Fylke
Innlandet
Kommune
Sør-Aurdal
Vassdragsområde
012.J20
Søkt produksjon
1,00 GWh

NVE seier nei til bygging av Islandsmoen minikraftverk i Sør-Aurdal kommune, Oppland. NVE meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast allmenne interesser.

Koparvike Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Islandsmoen minikraftverk i Sør-Aurdal kommune. Kraftverket ville nytta eit fall på 80 m over ein strekning på 850 m i Islandselvi ved Islandsmoen. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 265 kW og ein årleg produksjon på om lag 1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 50 husstandar. Det var i søknaden foreslått å sleppe ei minstevassføring på 12 l/s heile året.

Islandselvi renn i ei austvendt bekkekløft, Islandsjuvet, som er vurdert som nasjonalt viktig med 19 kjende rødlistearter, der 10 ligg på utbyggingsstrekninga. Bekkekløfta har stor planteøkologisk variasjon og topografien er til dels av dramatisk karakter. Tiltaket er særleg konfliktfullt i høve til naturtypen bekkekløft med tilhørande fuktighetskrevjande lavarter. Sett i høve til den avgrensa produksjonen tiltaket ville gitt er dei negative konsekvensane etter NVE si meining urimeleg store.

NVE kan ikkje sjå at dei føreslegne avbøtande tiltake er tilstrekkelig til å ivareta dei allmenne interessa. NVE meiner difor at fordelane ved bygging av Islandsmoen minikraftverk er mindre enn ulempene for allmenne og private interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.