Messingåga kraftverk

Registreringsnummer
4325
Saksnummer
200706418
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
25.02.2015
Tiltakshaver
Miljøkraft Nordland AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rana
Vassdragsområde
156.F1A
Søkt produksjon
16,80 GWh

NVE gjev ikkje løyve til å bygge Messingåga kraftverk i Rana kommune i Nordland. Avslaget er grunngjeve med omsyn til naturmangfald, landskap og friluftsliv.



Kraftverket var planlagt i Messingåga som renn ut i Ranavassdraget ved Hjartåsen, og ville etter planane produsert omlag 16,8 GWh i eit medels år.

NVE meiner at Messingågadalen har stor verdi for lokalt friluftsliv. Dalføret er lett tilgjengeleg og har verdfulle naturkvalitetar. NVE har lagt stor vekt på lokal motstand, og syner til at både kommunen, fylkeskommunen, Fylkesmannen og fleire er i mot tiltaket. NVE meiner at ei utbygging av Messingåga kraftverk vil gje store negative verknader for friluftsliv og landskap.

Tiltaket vil også føre til vesentleg negativ innverknad på ei nordvendt bekkeløft med regional til nasjonal verdi. NVE har lagt stor vekt på at Messingåga dannar ei av dei få attverande intakte bekkekløftene av høg verdi i området. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å bøte på dei negative konsekvensane i naudsynt grad.

 

Les meir om Messingåga kraftverk

 

Kontaktpersonar

 

Sakshandsamar Rune Moe, tlf. 22 95 93 15

Seksjonssjef: Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216