Brunga kraftverk
- Registreringsnummer
- 4320
- Saksnummer
- 200905053
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 27.06.2013
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Trondheim
- Vassdragsområde
- 123.A723Z
- Søkt produksjon
- 8,30 GWh
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Rangåa kraftverk i Rangåa i Klæbu. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4,9 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 245 husstandar. NVE har samstundes avslått søknad om Brunga kraftverk i Klæbu og Tangvella kraftverk i Klæbu og Selbu. Alle prosjekta ligg på sørsida av Selbusjøen i Sør-Trøndelag.
Ei realisering av Brunga kraftverk vil redusere vassføringa i elva Brunga med naturtypa bekkekløft av B-verdi (regional til nasjonal verdi) og ei lengre strekning for gyte- og oppvekstområda for storaure. Bekkekløfta er òg tilhaldsstad for sju raudlista arter. NVE har vurdert at dette vil vere i strid med Olje- og energidepartementets retningslinjer for små vasskraftverk og meiner at dei positive konsekvensane av ny fornybar energi ikkje veg opp for ulempene for dei registrerte naturtypene. På bakgrunn av dette har NVE ikkje gjeve løyve til bygging av Brunga kraftverk.