Tengesdalelva kraftverk

Registreringsnummer
4233
Saksnummer
201207847
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
06.05.2013
Tiltakshaver
NORDKRAFT PROSJEKT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Suldal
Vassdragsområde
036.31
Søkt produksjon
5,34 GWh

NVE seier nei til søknad frå Fjellkraft AS om løyve til bygging av Tengesdalelva kraftverk i Suldal kommune i Rogaland grunna konflikt med eksisterande vilkår om slepp av minstevassføring i vassdraget.

Tengesdalelva kraftverk var planlagt med ei installert effekt på 1,91 MW og ein årleg produksjon på om lag 5,04 GWh. Ei utbygging av vassdraget vil vere i konflikt med pålegg om minstevassføring i Tengesdalelva, som alt er gjeve i konsesjon for utbygging av fleire kraftverk i Saudafjella.

Tengesdalelva har viktige biologi- og kulturverdiar, og den allereie vedteke minstevassføringa er basert på omfattande konsekvensutredning og høyringar kring dette omsynet. Ei ytterlegare fråføring av vatn i Tengesdalelva vil etter NVEs syn vere i konflikt med vilkåra i løyvet. Det er også knytt friluftsinteresser til landskapsområdet.

NVE vurderer at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til bygging av Tengesdalelva kraftverk. Frist for partar som har klagerett er tre veker. Eventuelle klagar vert handsama av OED.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216

Overingeniør Kristine Naas, tlf. 22959766