Neka minikraftverk
- Registreringsnummer
- 3863
- Saksnummer
- 200901557
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.10.2013
- Tiltakshaver
- Broen
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Rendalen
- Vassdragsområde
- 002.JFZ
- Søkt produksjon
- 8,20 GWh
NVE har ei gruppe på sju søknadar om småkraftverk i Hedmark, til samla handsaming. NVE gjev avslag til dei to mest konfliktfylte prosjekta i framkant av offentleg høyring. Dette gjeld Neka kraftverk i Rendalen kommune, og Søre Bjøråa kraftverk i Stor-Elvdal kommune.
Neka kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 0,99 MW og ein årleg produksjon på omlag 8,2 GWh. Kraftverket var planlagd i eit sidevassdrag av Unsetåa som vart verna etter verneplan IV (1993). Verneverdiane er knytt til høge biologiske verdiar samt at vassdraget er lite påverka av kraftutbyggingar og kan sjåast på som eit viktig referansevassdrag. Inngrep i form av kraftutbygging vil etter NVE si vurdering påverke desse verneverdiane negativt, og det kan da ikkje bli gitt løyve til prosjektet. NVE har også lagt vekt på omsynet til førekomst av svært viktige naturtypar som fossesprutsone og bekkekløft langs Neka, i tillegg til ei rekkje raudlista artar som vil bli påverka negativt i vesentleg grad.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar ved ei utbygging av desse to prosjekta. NVE meiner at dei omsøkte utbyggingane er i strid med OED sine retningslinjer og ikkje akseptable i høve til ålmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE ikkje løyve til prosjekta.
NVE har òg vurdert miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å potensielt redusere konflikta med ålmenne interesser. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å bygge kraftverka. Grunna svært høg konfliktgrad vart difor prosjekta avslått utan offentleg høyring. For dei resterande fem søknadane som står att, vil NVE fyrst ta ei avgjersle etter at synfaring og høyringsrunde er gjennomført