Hoel kraftverk

Registreringsnummer
3843
Saksnummer
200700628
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
DGH-Kraft v/Stein Briskerud
Fylke
Innlandet
Kommune
Åsnes
Vassdragsområde
002.G6C
Søkt produksjon
0,90 GWh

NVE gjev DGH-kraft løyve til opprusting av Hoel kraftverk i Åsnes kommune, Hedmark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 0,6 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 30 husstandar.

DGH-kraft har søkt om løyve etter vassressurslova § 8 til å oppruste og sette i drift eit kraftverk i Hoelsfossen i Veståa som ligger i Åsnes kommune. Kraftverket var i drift frå 1947 til 1960 åra, og eksisterande inntaksdam, røyrgatefundament og kraftverksbygning skal nyttast. Kraftverket er planlagt med ein installasjon på 90 kW og kjem inn under kategorien mikrokraftverk.

. Veståa er ein del av Auståavassdraget som blei verna i verneplan IV for vassdrag. Det er ikkje påvist raudlista arter eller verdifulle naturtypar knytt til elvestrekninga. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til området. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable. NVE kan heller ikkje sjå at tiltaket vil redusere verneverdien i vassdraget, slik at omsynet til verneverdien er vareteke (jf. vassressurslova § 35, post 8).

. NVE meiner at fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Hoel kraftverk på fastsette vilkår.