Einbugga kraftverk
- Registreringsnummer
- 3605
- Saksnummer
- 200900014
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 18.12.2013
- Tiltakshaver
- Fallrettslaget i Einbugga
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Dovre
- Vassdragsområde
- 002.DJ53Z
- Søkt produksjon
- 15,20 GWh
NVE seier nei til søknad frå Clemens Elvekraft AS om løyve til bygging av Einbugga kraftverk i Dovre kommune i Oppland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for villrein og kulturminne
Einbugga kraftverk var planlagt i Dovre kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 7,3 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 15,2 GWh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til villrein og kulturminne. Grunngjevinga for avslaget er mellom anna den negative påverknaden tiltaket vil kunne få for villreinstammen i området med vekt på ny regional plan for villrein i Rondane-Sølnkletten, og dei særs viktige kulturminne som vil kunne bli råka av ei utbygging, men som søkjar ikkje har ynskt å kartlegge.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Einbugga kraftverk.