Ny 132 kV Ørsta - Bjørke

Tiltakshaver
LINJA AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202607247
Status
Høring
Dato
06.11.2026
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Ørsta, Volda
Send høringsuttalelse

Høringsfrist: 08.01.2027

Vi foretrekker at du bruker det elektroniske skjemaet, ved å trykke på knappen «send høringsuttalelse».
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202607247» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.

NVE held offentleg møte torsdag 3. desember 2026 kl. 19.00. Møtet finn stad i Volda samfunnshus, Storgata 14, 6102 Volda. NVE vil orientere om handsaminga av søknaden. Linja vil vere til stades og orientere om planane. Møtet er ope for alle. Det vil bli moglegheit for å stille spørsmål både til NVE og Linja, men fråsegn til søknaden må sendast inn skriftleg.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Linja AS om ein ny 132 kV kraftleidning mellom Ørsta og nye Bjørke transformatorstasjonar i Ørsta og Volda kommunar i Møre og Romsdal. Dei søker samstundes om å byggje nye Bjørke transformatorstasjon på Flotane i Bjørke i Volda kommune. 

Linja søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Den nye 132 kV kraftleidninga mellom Ørsta og Bjørke transformatorstasjonar, skal erstatte dei to eksisterande 66 kV kraftleidningane mellom Tussa transformatorstasjon i Ørsta kommune og Haugen transformatorstasjon i Volda kommune. Linja søkjer om å rive dagens leidningar når den nye er satt i drift. På deler av strekninga, søkjer Linja om fleire alternativ. Dette er nærare beskrive og illustrert i søknaden. Traseane Linja søkjer om, er vist på vedlagt kart.