Oppsett av monomastrekke Refsdal - Modalen
- Tiltakshaver
- STATNETT SF
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202517365
- Status
- Høring
- Dato
- 10.06.2026
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Voss, Vaksdal, Modalen, Vik
Høringsfrist: 14.08.2026
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202517365» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ønskjer NVE å få høyringsinstansane sine synspunkt på planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknader.
Høyringspartar kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:
- via skjema for fråsegner, som de finn på sakas internettside
- via e-post til nve@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer 202517365 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)
- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO
Fråsegn eller delar av fråsegn vil bli referert i saka. Om fråsegna er lang, oppfordrar NVE høyringspartane til å sjølv skrive ein kortfatta konklusjon eller samandrag. Fråsegnene er offentlege dokument som vil vere tilgjengelege på internett.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Statnett SF for etablering av nye mastar til nye toppliner på to strekningar over ca. 5 km og 11,5 km parallelt med eksisterande 420 kV kraftleidning Refsdal–Modalen i Vik, Voss, Vaksdal og Modalen kommunar i Vestland fylke. Tiltaket vil erstatta dagens toppliner på kraftleidningen langs dei same strekningane som Statnett søkjer om å riva.
Statnett skrivar at leidningen mellom Refsdal og Modalen er viktig for strømforsyninga av bergensområdet og at tiltaket dei no søkjer er nødvendig for å oppretthalde driftstryggleiken i periodar med ising og sterk vind. Tiltaket går gjennom Stølsheimen landskapsvernområde.