Søknad om ekspropriasjon og forhåndstiltredelse for videre drift av kraftledningen Fosse-Kaldestad i Vaksdal kommune
- Tiltakshaver
- BKK AS
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202517892
- Status
- Søknad
- Dato
- 04.09.2025
- Fylke
- Kommune
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fått søknad om løyve til ekspropriasjon og førehandstiltreding frå BKK AS (BKK) for eit ryddebelte over eigedommen 77/2 i Vaksdal kommune.
Leidningen det blir søkt om ekspropriasjon for vart i sett i drift i 1959 og har konsesjon til 2046, gitt i 201503893-2, punkt 97. BKK hadde avtalar med grunneigarane i perioden 1959 til 2007. Ved utløpet av rettane for leidningen hadde BKK planar om å byggje ein ny 132 kV leidning som ville erstatta behovet for leidningen det no søkjast om ekspropriasjon for. Avklaring av vidare rettar og erstatningssum vart sett på vent fram til levetida til den framtidige leidningen vart avklart. I 2022 vart det klart at det framleis vil vere behov for leidningen for å levere straum frå Kaldestad kraftverk. Leidningen må derfor driftast vidare.
Det har ikkje lykkes BKK å komme fram til ein minneleg avtale med grunneigar for å få permanente rettar til å drifte leidningen vidare. BKK søkjer derfor om rett til eit ryddebelte på 30 meter gjennom eigedommen. Innanfor ryddebeltet har BKK rett til å felle tre, og dessutan kappe greinar, vekstar og liknande, i den grad dette etter BKKs oppfatning er nødvendig for å halde vegetasjonen tilstrekkeleg nede.