Søknad om økt transformatorkapasitet i Ørsta transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- STATNETT SF
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202320108
- Status
- Konsesjon gitt
- Dato
- 11.03.2026
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Ørsta
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Statnett SF anleggskonsesjon for oppgradering av Ørsta transformatorstasjon. Løyvet omfatter ei utviding av eksisterande stasjonsareal med omkring 600 m2, ei ny transformatorcelle med grunnflate på ca. 340 m2 og høgde ca. 12 meter og justering av traseen til 420 kV leidningen inn mot stasjonen over ein strekning på om lag 450 meter. Statnett har òg fått løyve til å etablere ei ny kai i Sæbø, transportveg frå kaien til fylkesveg 655 og tiltak for ras- og flaumsikring nordaust for stasjonen.
Dokumenta i saka er tilgjengelege på sida for saka på eInnsyn, om dei ikkje inneheld teiepliktig informasjon.
NVE godkjende den 15.04.2026 detaljplanen frå Statnett for oppgradering av Ørsta transformatorstasjon og bygging av kaianlegg på Sæbø. Vedtaket frå NVE og detaljplanen er tilgjengelege til høgre på denne sida.