Søknad om økt transformatorkapasitet i Ørsta transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- STATNETT SF
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202320108
- Status
- Søknad
- Dato
- 06.03.2025
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Ørsta
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Statnett SF for oppgradering av Ørsta transformatorstasjon i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Vi har også teke imot forslag til detaljplan for bygging av anlegga. Tiltaket inneber ei utviding av eksisterande stasjonsareal, ei ny transformatorcelle og justering av traseen til 420 kV leidningen mot Sykkylven. Tiltaket inneber òg etablering av eit nytt kaihakk i Sæbø og ras- og flaumsikring nordaust for stasjonen.
Dokumenta i saka, inkludert mottekne høyringsfråsegner, er tilgjengelege på sida for saka på eInnsyn, om dei ikkje inneheld teiepliktig informasjon.
Statnett søkjer om konsesjon i medhald av energilova for oppgradering av Ørsta transformatorstasjon. Tiltaket inneber i hovudsak ei utviding av eksisterande stasjonsareal med omkring 600 m2, ei ny transformatorcelle med grunnflate på ca. 340 m2 og høgde ca. 12 meter og justering av traseen til 420 kV leidningen mot Sykkylven over ein strekning på om lag 450 meter. Statnett søkjer òg om eit nytt kaihakk i Sæbø for transportering av den nye transformatoren og tiltak for ras- og flaumsikring nordaust for stasjonen. Tiltaka er illustrert i karta nedst i dette brevet.
Statnett skriv at bakgrunnen for søknaden er at det er stor pågang av kundar i regionalnettet mellom Ørskog og Ørsta og at tiltaka dei søkjer om vil bidra til ny næringsverksemd og betre forsyningstryggleik i området.