Myklebust- og Ramsskredfjellet vindkraftverk
- Tiltakshaver
- ZEPHYR AS
- Sakstype(r)
- Nett, Vind
- Saksnummer
- 202511824
- Status
- Utredningsprogram fastsatt
- Dato
- 26.10.2026
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Bremanger
- Søkt produksjon
- 750,00 GWh
- Søkt effekt
- 260,00 MW
NVE har 26. oktober 2026 fastsett utgreiingsprogram for Myklebust- og Ramsskredfjellet vindkraftverk i Bremanger kommune. Zephyr AS må gjennomføre krava i utgreiingsprogrammet før dei kan sende konsesjonssøknad med konsekvensutgreiingar til NVE.
Myklebust- og Ramsskredfjellet vindkraftverk er planlagd på tre område: Myklebustfjellet, Ramsskredfjellet og Handkletua. Totalt installert effekt for det planlagde vindkraftverket er på 180-260 MW, og årleg energiproduksjon på 600-750 GWh, fordelt på 30-40 vindturbinar. Samla areal er på ca. 14,9 km^2.
Meldinga skisserer tilkomstvegar frå Guleslettene vindkraftverk og frå Indrehus.
Meldinga skisserer fleire alternativ for nettilknyting. Det er planlagd ein transformatorstasjon på Myklebustfjellet og ein på Ramsskredfjellet. Frå transformatorstasjonane er det planlagd 132 kV luftleidning fram til eksisterande nett. Hovudalternativet er at delar av produksjonen går mot Magnhildskaret koplingsstasjon, og delar går til Svelgen transformatorstasjon, via Indrehus kraftstasjon. 66 kV- leidninga frå Indrehus kraftverk til Budalen må då oppgraderast til 132 kV.
I filmenyen til høgre ligg viktige dokument i konsesjonssaka. For andre dokument i konsesjonssaka ber vi deg nytte eInnsyn.
Dokument til plansaka er tilgjengelege på arealplaner.no | 202403 > Plandokumenter. Protokoll frå kommunestyret 22. oktober 2026 er tilgjengeleg på nettsida Protokoll - Kommunestyret - 22.10.2026