132 kV Tomasgard - Bø og nye Bø transformatorstasjon

Tiltakshaver
LINJA AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202314385
Status
Konsesjon gitt
Dato
12.06.2026
Fylke
Møre og Romsdal, Vestland
Kommune
Volda, Stryn

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Linja AS anleggskonsesjon og oreigningsløyve til å byggje, eige og drive 132 kV luftleidning mellom Tomasgard og Bø transformatorstasjonar i Volda og Stryn kommunar i Møre og Romsdal og Vestland fylker. Linja har samstundes fått anleggskonsesjon og oreigningsløyve til å byggje, eige og drive ny Bø transformatorstasjon i Stryn kommune. Den nye stasjonen skal i hovudsak etablerast der eksisterande stasjon er plassert.

På strekninga mellom Tomasgard og Geitskaret skal Linja bruke eksisterande trasé og eksisterande master. Frå Geitskaret og til Bø transformatorstasjon skal Linja bygge leidninga i ein ny trasé. Den nye leidningen skal erstatte eksisterande 66 kV leidning på strekninga mellom Geitskaret og Bø, og denne blir rive når den nye leidninga er ferdigbygd. Dei siste 200 meterane inn til Bø transformatorstasjonen skal byggast som jordkabel. Linja har òg fått løyve til å bygge ein 300 meter lang jordkabel sør for Bø transformatorstasjon. Linja har òg fått løyve til naudsynt spenningsoppgradering av Tomasgard, Reed, Sandane og Drageset transformatorstasjonar, og naudsynte flaumvollar ved Tomasgard og Bø transformatorstasjonar.

NVE har stilt vilkår om at Linja må utarbeide ein detaljplan, som beskriv korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å avgrense negative verkingar. Planen skal godkjennast av NVE før Linja kan starte bygginga.

Søknaden var på høyring frå 18. september til 12. november 2025. Høyringsråsegner er tilgjengleg via eInnsyn: eInnsyn - Linja AS - Anleggskonsesjon -Ny 132 kV forbindelse Tomasgard-Bø - Volda kommune, Møre og Romsdal - Stryn kommune, Vestland - Gloppen kommune, Vestland – 2023/14385 – Norges vassdrags- og energidirektorat