Temperaturoppgradering av 420 kV Usta-Ådal
- Tiltakshaver
- STATNETT SF
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202401281
- Status
- Annet vedtak
- Dato
- 08.05.2025
- Fylke
- Kommune
NVE ga 8 mai 2025 Statnett SF løyve til terrenginngrep under 27 ulike mastespenn på eksisterande 420 kV kraftleidning frå Usta transformatorstasjon i Ringerike kommune, gjennom Flå, Nesbyen og Gol kommunar til Usta transformatorstasjon i Ål kommune, alle i Buskerud fylke.
Statnett SF ønskjer å auke overføringskapasiteten og levetida til den eksisterande 420 kV kraftleidning Usta-Ådal. Ved å auke driftstemperaturen på kraftleidningen frå 50 °C til 80 °C, skriv Statnett at kraftleidningen kan overføre 411 MW meir enn i dag. Ved ein temperatur-auke vil lina utvide seg, på grunn av termisk ekspansjon, og søkke noko ned. Dei vil derfor komme nærare bakken i periodar med høg belastning. Kraftleidningar må ha tilstrekkeleg avstand til omgivnadene for å unngå fare for allmenta og materielle verdiar.
Statnett må gjennomføre terrenginngrep under 27 ulike mastespenn på leidningen for at avstanden til terrenget skal vere tilstrekkeleg etter temperaturoppgraderinga. 18 av spennene der terrenget under leidningen er planlagd senka ligg i Ål kommune, fem i Nesbyen kommune og fire i Gol kommune. Det er ikkje nødvendig med anleggsarbeid i Ringerike og Flå kommunar