132 kV kraftledning Sandøy - Raunholmen og Raunholmen transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- BKK AS
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202418771
- Status
- Høring
- Dato
- 10.07.2026
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Gulen
Høringsfrist: 21.08.2026
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse » , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
NVE gav 14. januar 2026 BKK AS løyve til å bygge ny 132 kV kraftleidning Sandøy–Raunholmen og nye Raunholmen transformatorstasjon. Den 27. mai 2026 fekk NVE detaljplan for anlegga fra BKK. Planen vart sendt på høring 10. juli 2026 med frist for fråsegn 21. august 2026. Planen ligg til høgre på denne sida.
Detaljplanen konkretiserer korleis anlegget skal byggjast og drivast slik at miljø og landskap blir vareteke best mogleg. Konsesjonæren skal ha utarbeidd planen i kontakt med Gulen kommune, grunneigarar og andre rettshavarar, og må vere godkjend av NVE før anleggsarbeidet kan starte.
Ny Raunholmen transformatorstasjon er planlagt med to etasjar og ei grunnflate på ca. 680 m². I tillegg skal BKK bygge om eksisterande Sandøy transformatorstasjon slik at den nye 132 kV kraftleidningen kan knytast til transformatorstasjonen. Ca. 1,8 km av kraftleidningen skal byggast som luftleidning, medan dei siste ca. 0,15 km inn til ny Raunholmen transformatorstasjon byggast som jordkabel. Kraftleidningen er planlagt å gå parallelt med eksisterande 22 kV kraftleidning.
BKK grunngjev tiltaket med at det skal etablerast ein ammoniakkfabrikk i Skipavika næringsområde, og for å kunne forsyne fabrikken med kraft må det etablerast ein ny transformatorstasjon i Raunholmen.