66 (132) kV Fitjar-Tysnes og ny Tjøreneset transformatorstasjon

Tiltakshaver
FAGNE AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202411838, 202612483
Status
Konsesjon gitt
Dato
12.05.2026
Fylke
Vestland
Kommune
Fitjar, Tysnes

Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes. NVEs løyve er stadfesta av Energidepartementet etter klage.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fekk 27. mai 2026 detaljplan og søknad om konsesjonspliktige endringar frå Fagne AS for den nye 66 (132) kV kraftleidninga frå Midtfjellet til Sætratjørna. Detaljplanen beskriv korleis Fagne skal byggje og drive anlegget, slik at miljø og landskap blir vareteke på best mogleg vis. Planen skal vere utarbeidd i kontakt med ramma kommunar, grunneigarar og andre rettshavarar, og må vere godkjende av NVE før Fagne kan starte anleggsarbeidet. Detaljplanen og endringane har vore på høyring og er no til behandling

Den 27. oktober 2026 godkjende NVE gjennomføring av førebuande hogst på Tysnes. Vedtaket ligg til høgre på denne sida.

NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.