66 (132) kV Fitjar-Tysnes og ny Tjøreneset transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- FAGNE AS
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202411838, 202612483
- Status
- Klage oversendt ED
- Dato
- 06.07.2026
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Fitjar, Tysnes
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes. NVEs løyve er påklaga og sendt til Energidepartementet for endeleg avgjerd.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fekk 27. mai 2026 detaljplan og søknad om konsesjonspliktige endringar frå Fagne AS for den nye 66 (132) kV kraftleidninga frå Midtfjellet til Sætratjørna. Detaljplanen og endringane blir no sendt på høyring, og vi ber om at de sender oss merknader til planen seinast 28. august 2026.
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.