Statnett SF - Samordna nettilknytning for Utsira Nord, Karmøy og Utsira kommuner, Rogaland

Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202406296
Status
Melding
Dato
29.02.2024
Fylke
Rogaland
Kommune
Karmøy, Utsira

Statnett har varsla om deira planar for utbygging av ei samordna løysing for nettilknyting av vindkraftverka i havvindområdet Utsira Nord. Sjå brevet frå Statnett i kolonna til høgre på sida. 

To av alternativa er i stor grad er samanfallande med alternativ 2 og 3 som Vår Energi meldte for landstraum til petroleumsfelta Balder og Grane, og som NVE sende på høyring i perioden 23. august – 20. oktober 2023 (NVE-ref. 202210897-7). Statnett ønskjer å overta utgreiinga av alternativa. 

 

Statnett har gjort nærare greie for løysingane dei vil utgreie, og korleis planane skil seg frå dei som vart meldt av Vår Energi. Ein viktig skilnad mellom Vår Energi og Statnett sine planar, er at Statnett og vil utgreie alternativ med luftleidning over Karmøy.


Gjennom høyringa ønskjer NVE å få innspel på om det er utgreiingar som bør gjennomførast i samband med dei endringane som Statnett foreslår.