Nedleggelse av Dam Vågslivatn - Vinje kommune, Telemark
- Registreringsnummer
- 10034
- Saksnummer
- 202613122
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Nedlegging vassdragsanlegg
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Søknad
- Tiltakshaver
- STATKRAFT ENERGI AS
- Fylke
- Telemark
- Kommune
- Vinje
- Vassdragsområde
- 016.BEZ
Høringsfrist: 04.01.2027
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202613122» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
Kva ønskjer vi fråsegn om?
Gjennom høyringa ønskjer NVE å få innspel om verknadene av nedlegginga for allmenne interesser. Vi ønskjer òg grunngjevne forslag til mildnande tiltak som kan redusere skadane ved gjennomføring av planane. Alle som har meiningar om saka, kan sende inn ei fråsegn.
Det einaste reelle alternativet til nedlegging er normalt sett at ein ny eigar tek over anlegget, jf. vassressurslova § 42. Om nokon ønskjer å ta over vassdragsanlegget, ber vi om at de kontaktar NVE innan høyringsfristen. Ein eventuell ny eigar vil verte ansvarleg for at dammen oppfyller krava i damtryggingsforskrifta. Ny eigar må godkjennast av NVE.
Fråsegn eller delar av fråsegn vil verte refererte i saka. Er høyringsfråsegna lang, oppmodar NVE høyringspartane til sjølv å skrive ein kortfatta konklusjon eller samandrag. Høyringsfråsegnene er offentlege dokument, og sentrale saksdokument vert lagde ut på NVE sine nettsider.
Høyringsbrevet finn du høgare opp på denne sida.
NVE har fått ein søknad frå Statkraft Energi AS om løyve etter vassressurslova til nedlegging av dam Vågslivatn i Vinje kommune. Tiltaket inneber fjerning av eksisterande dam og tilbakeføring av utløpsområdet lik naturleg tilstand.
Dammen skulle opphavleg sikre slepp av minstevassføring i vassdraget, men etter at sleppunktet vart flytta har dammen mista denne funksjonen. Dammen oppfyller heller ikkje dei tekniske krava i damtryggingsforskrifta.
Dam Vågslivatn ligg ved utlaupet av Kvennhushylen i søraustre del av Vågslivatn. Dammen hever vasstanden slik at Kvennhushylen og Vågslivatn framstår som eitt samanhengande vasspegel. Ei fjerning av dammen vil gjere at Vågslivatn, Kvennhushylen og delar av Kjela bekkefelt nedstraums dammen vert tilbakeførte til ein tilstand som liknar forholda før dammen vart bygd. Vasstanden i Vågslivatn er venta å verte varig senka med om lag éin meter.
Det er planlagt ein mellombels anleggsveg gjennom eit viktig friluftsområde og hytteområde, og det går ei bru over dammen i samband med ein tursti. Brua vil verte fjerna som følgje av tiltaket, og eventuell reetablering av kryssing må avklarast nærare. Ifølgje søknaden vil tiltaket samla sett ha avgrensa negative verknader på kort sikt, og positive effektar på lengre sikt som følgje av meir naturlege forhold i vassdraget.
Søknaden finn du høgare opp på denne sida.