Nedre Driva kraftverk
- Registreringsnummer
- 9710
- Saksnummer
- 202514086
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Opprusting og utvidelse
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Melding (KU-sak)
- Tiltakshaver
- DRIVA KRAFTVERK DA
- Fylke
- Trøndelag, Møre og Romsdal
- Kommune
- Oppdal, Sunndal
- Vassdragsområde
- 109.Z
- Søkt produksjon
- 447,00 GWh
Driva Kraftverk DA har levert ei melding om utviding av Driva-anlegget i Sunndal og Oppdal kommune til NVE. NVE har sendt meldinga ut på offentleg høyring, og gjennomført folkemøte i begge kommunane. Med bakgrunn i meldinga, innkomne innspel og eigne vurderingar har NVE no fastsett utgreiingsprogrammet som skal liggje til grunn for ein eventuell framtidig konsesjonssøknad.
Drivavassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag, og dei siste åra er det lagt ned eit stort arbeid i å nedkjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Driva. Fraføring av vatn frå Driva, og endra utslepp av ferskvatn til Sunndalsfjorden, kan få konsekvensar for laksen. NVE meiner ein må utgreie konsekvensar og avbøtande tiltak for laksebestanden grundig, og vurdere dei opp mot verneordninga for nasjonale laksevassdrag.
Ny vassveg frå Gjevilvatnet til Sunndalsfjorden vil resultere i betydelege steinmassar med behov for deponering. NVE ber Driva Kraftverk DA om å kartlegge moglegheiter for alternativ bruk av massane til andre samfunnsnyttige formål. Konsekvensar for verneverdiane i landskapsvernområda og det verna vassdraget Ålvundvassdraget skal også utgreiast grundig.
Tiltaket vil også påverke Trollheimen reinbeitedistrikt. Difor meiner NVE ein må vurdere konsekvensane av endra reguleringshøgde og manøvrering av magasinet Gjevilvatnet grundig opp mot reinbeitedistriktets bruk av området.
NVE påpeiker at inngrep som er i strid med verneforskriftene for landskapsvernområda krev dispensasjon frå verneområdestyret.