SalMar Genetics AS - uttak av vatn frå Reistadelva

Registreringsnummer
8564
Saksnummer
201908417
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
08.04.2022
Tiltakshaver
Ukjent
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Vestnes
Vassdragsområde
102.7Z

NVE gir SalMar Genetics AS løyve til uttak  av vatn frå Reistadelva til produksjon av rogn og hald av stamfisk

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei oppgradering av SalMar Genetics AS sitt anlegg vil gi eit bidrag til produksjon av rogn og hald av stamfisk, og auke i verdiskaping lokalt og i regionen. Inngrep med vassinntak og røyrgate er allereie etablert, og vassuttaket har vore nytta i om lag same omfang sidan 1983. NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess.
 
NVE kjenner ikkje til viktige allmenne interesser som vil bli negativt påverka av tiltaket. Omsynet til fisk er vurdert spesielt sidan vassuttaket ligg på anadrom strekning i Reistadelva. Erfaringar med SalMar Genetics sitt vassuttak tilseier at vassuttaket ikkje har gitt større negative verknader for fisk og anna liv i elva. NVE vurderer at tiltaket er akseptabelt, og at ei vidareføring av vassuttaket slik det har vore fram til i dag ikkje vil få ytterlegare negative verknadar for biologisk mangfald.