Øvre Molla kraftverk
- Registreringsnummer
- 7365
- Saksnummer
- 201400886
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 09.04.2018
- Tiltakshaver
- Bekk og Strøm AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Sauda
- Vassdragsområde
- 037.111
- Søkt produksjon
- 3,10 GWh
NVE har motteke søknadar frå to søkjarar om løyve til å bygge fire småkraftverk i Sauda kommune i Rogaland. Søknadene skal handsamast samtidig og samla belastning for regionen skal vurderast. NVE ber høyringspartane om å vurdere kvar søknad for seg, men òg alle søknadane samla.
Øvre Molla kraftverk er planlagd i Mollaelva som ligg om lag 8 km sør for tettstaden Sauda, på austsida av Saudafjorden. Kraftverket vil i gjennomsnitt produsere 3,1 GWh i eit middels vått år, og vil få ein installert effekt på 1,2 MW. Inntaket er planlagd på kote 435, og det vil gravast ned ei 700 meter lang røyrgate på sørsida av Mollaelva. Det er planlagd mellombels anleggsveg langs røyrgata. Det vil òg bli bygd om lag 100 meter anleggsveg fram til inntaket. Kraftverket vil verte plassert på kote 285. Det er planlagd å sleppe ei minstevassføring på 26 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 9 l/s resten av året.