Nedre Molla kraftverk

Registreringsnummer
7322
Saksnummer
201307845,201400886
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
09.04.2018
Tiltakshaver
FOSSBERG KRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Sauda
Vassdragsområde
037.111
Søkt produksjon
4,40 GWh

Fossberg krafs AS får innvilga forlengd byggefrist for Nedre Molla kraftverk i Sauda kommune, til 09.04.2028

NVE forlenger byggefristen for bygging av Nedre Molla kraftverk med inntil fem år, til 09.04.2028 – ti år etter opprinneleg konsesjonsdato. Vedtaket er fatta i medhold av vassressurslova §§ 27 og 19 annet ledd, samt vassdragsreguleringslova § 15. NVE kan ikkje sjå at det er nye eller endra forhold som tilseier at søknaden om forlengd byggefrist for Nedre Molla kraftverk bør bli avslått.

 

Nedre Molla kraftverk er planlagt i Mollaelva som ligg om lag 8 km sør for tettstaden Sauda, på austsida av Saudafjorden. Kraftverket vil i gjennomsnitt produsere 4,6 GWh i eit middels vått år, og vil få ein installert effekt på 1,8 MW. Mollaelva vil verta overført til Mollabekken med eit 200 meter langt røyr. Inntaket er planlagt på kote 145 i Mollabekken, og det er planlagt for ei 500 meter lang nedgrave røyrgate. Det er planlagt ein mellombels anleggsveg langs røyrgata, og elles vert eksisterande vegar utbetra og nytta i arbeidet. Det er lagt til rette for å  byggja om lag 100 meter ny veg fram til kraftstasjonstomta. Kraftverket vil verta plassert ved fjorden på kote 2. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 38 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 23 l/s resten av året. Minstevassføringa vil verta fordelt mellom Mollaelva, som vil få mesteparten, og Mollabekken, der det vil sleppast 7 l/s heile året.