Ny transformator i Kollsnes transformatorstasjon

Tiltakshaver
BKK AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201914127
Status
Konsesjon gitt
Dato
25.06.2025
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden

NVE har gjeve BKK AS løyve til å bygge ein ny transformator med øvre spenning 300 (420) kV i Kollsnes transformatorstasjon i Øygarden kommune.

BKK får løyve til ein ny transformator på Kollsnes fordi den vil betre forsyningstryggleiken til eksisterande forbruk på Kollsnes og til Troll A-plattforma i Nordsjøen.

NVE har samstundes fatta vedtak om å omklassifisere eksisterande transformatorar med øvre spenningsnivå 300 kV i Kollsnes transformatorstasjon til transmisjonsnett, jf. energilova § 1-5, med verknad frå 1. januar 2026. Etter NVE si vurdering har transformatorane ein reservefunksjon i forsyninga av alminneleg forbruk. Berre Statnett kan eige transmisjonsnett i Noreg, og Statnett må difor overta desse anlegga. Same vurdering gjeld for den nye transformatoren BKK får løyve til å bygge, og løyvet vert difor gjeve med varigheit fram til anlegget vert sett i drift.