Ula kraftverk
- Registreringsnummer
- 6522
- Saksnummer
- 201107478
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 18.12.2013
- Tiltakshaver
- EIDEFOSS VANNKRAFT AS
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Sel
- Vassdragsområde
- 002.DJ1A0
- Søkt produksjon
- 12,50 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 11.04.2024
NVE gir Ula kraft AS løyve til å bygge Ula kraftverk. Prosjektet ligg i Sel kommune i Oppland. Vasskraftverket vil få en årleg produksjon på om lag 12,5 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til om lag 625 husstandar.
Ula kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 94 meter mellom eit inntak på 402 moh og ein kraftstasjon på 308 moh. Vatnet skal førast i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er omsynet til Sel vannverk og dei planlagte trafikksikringstiltaka til Statens Vegvesen der E-6 krysser Ula. Slik NVE ser det, kan dette løysast gjennom god dialog mellom partane. NVE meiner at omsynet til landskapsopplevinga og dei registrerte naturtypene kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.
NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Ula kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av i Ula kraftverk på nærare fastsette vilkår.