TVK kraftverk

Registreringsnummer
6300
Saksnummer
201101388
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
CLOUDBERRY DEVELOP AS
Fylke
Vestland
Kommune
Vik
Vassdragsområde
071.21Z
Søkt produksjon
17,10 GWh

NVE gjev løyve til Kråkeelvi kraftverk i Balestrand kommune, TVK kraftverk i Vik kommune, Dyrdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Kvammadalselvi kraftverk i Aurland kommune. Brekka kraftverk i Balestrand kommune, Skjerdal kraftverk i Aurland kommune og Tura kraftverk i Vik kommune får avslag. 

Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 51,7 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 2600 husstandar. Prosjekta som får avslag, kunne samla ha gjeve om lag 39,3 GWh. 

 

Søknadane er behandla samtidig for  best mogleg å gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane frå småkraftverka. Verdifullt landskap og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. Det er gjeve konsesjon til dei kraftverka NVE meiner vil vere i minst konflikt med allmenne interesser, og som samtidig vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon. 

For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av dei fire prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå dei tre kraftverka som får avslag.