Frya kraftverk

Registreringsnummer
6142
Saksnummer
201003792
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
18.12.2013
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Oppland
Kommune
Sør-Fron, Ringebu
Vassdragsområde
002.DF3A0
Søkt produksjon
4,47 GWh

NVE seier nei til søknad frå Småkraft AS om løyve å byggje Frya kraftverk i Sør-Fron og Ringebu kommuner i Oppland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for storaure og at vassdraget er verna.

Frya kraftverk var planlagt i Sør-Fron og Ringebu kommuner. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 0,99 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 4,5 GWh.

Den viktigaste problemstillinga i saka er, slik NVE ser det, omsynet til storauren. Grunngjevinga for avslaget er Frya er ei verdifull gyte- og oppvekstelv for storauren og at uttaket av vatn som er på 84 % av middelvassføringa, er stort i eit verna vassdrag.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

 

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Frya kraftverk.