Kvernåi kraftverk
- Registreringsnummer
- 5984
- Saksnummer
- 201000490,201836806
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 18.12.2013
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Lesja
- Vassdragsområde
- 002.DK0
- Søkt produksjon
- 7,10 GWh
NVE gir Norsk Grønnkraft AS løyve til å bygge Kvernåi kraftverk. Prosjektet ligg i Lesja kommune i Oppland. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 7,1 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til om lag 350 husstandar.
Kvernåi kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 410 meter mellom inntaket på 935 moh og ein kraftstasjon på 522 moh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til friluftsinteresser og den visuelle opplevinga av landskapet. Dette meiner NVE kan ivaretakast ved at det blir stilt krav om tunnel i dei øvre delane av røyrgata og ved å auke minstevassføringa. NVE meiner at dei registrerte verdiane i bekkekløftene ikkje vert påverka i vesentleg grad av redusert vassføring og at verdisettinga av kløftene ikkje vert endra.
NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Kvernåi kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av i Kvernåi kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Konsesjonen er overført Kvernåi kraftverk AS 21.09.2016.
Konsesjonen er overført Småkraft AS 04.10.2018.