Djuvselva kraftverk

Registreringsnummer
5964
Saksnummer
200906437
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
01.04.2014
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
042.51
Søkt produksjon
9,50 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 01.04.2024

 

NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Djuvselva kraftverk i Etne kommune i Hordaland.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet i Djuvselva mellom kote 320 og kote 5, og overføre det austlege elvelaupet frå ca. kote 335 over til inntaket. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Kraftstasjonen vert plassert på kote 5 ved eksisterande kai- og naustområde. Eksisterande skogsveg vert oppgradert frå sjøen og opp til inntaksområdet, og det vert etablert ein mellombels anleggsveg mellom hovudinntak og sideinntak. Det vert etablert ny kai i tilknyting til eksisterande kai.


NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Djuvselva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa verknad for miljø. Omsynet til landskap er vektlagt sidan nordsida av Åkrafjorden med Djuvselva er eit av få fjordlandskap med urørt preg i Hordaland. NVE meiner at den omsøkte utbygginga er akseptabel, dersom alternativet med å flytte kraftstasjonen lenger vest av omsyn til landskap, biologisk mangfald og kulturminne vert nytta. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, for å ta vare på landskapet og det urørte preget, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser er akseptable.


NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Djuvselva kraftverk på fastsette vilkår.