Somrungen kraftverk

Registreringsnummer
5760
Saksnummer
200901911
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
01.12.2015
Tiltakshaver
SMÅKRAFT VEKST 2025 AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Sunndal
Vassdragsområde
109.B20
Søkt produksjon
11,10 GWh

Løyve til Somrungen kraftverk og avslag til Gryta kraftverk

Somrungen og Gryta kraftverk er to av fem søknader i Sunndal kommune som blei sendt på høring samstundes for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadene. NVE har tidlegare gjeve konsesjon til Skrondal kraftverk, og avslått søknadene om Hareima og Torske kraftverk.

NVE gjev løyve til Somrungen kraftverk i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere omlag 11,1 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 555 husstandar.

Somrungen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon.

Ein føresetnad for løyvet er vassveg i tunnel på det meste av utbyggingsstrekninga. Det biologiske mangfaldet i området ved kraftstasjonen kan takast i vare ved god detaljplanlegging.

NVE avslår søknaden om å byggje Gryta kraftverk på grunn av konsekvensane for landskapsbilete i Sunndalen, og ein rik edellauvskog. Kraftverket ville ha gjeve ein produksjon på 9,1 GWh.