Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Breivikelva kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
5578
Saksnummer
200805054
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.06.2014
Tiltakshaver
SKS PRODUKSJON AS
Fylke
Nordland
Kommune
Beiarn
Vassdragsområde
161.32Z
Søkt produksjon
27,20 GWh

NVE gjev Nord-Norsk Småkraft AS løyve til å bygge Breivikelva kraftverk i Beiarn kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på i overkant av 27 GWh, noko som tilsvarar straumforbruket til 1360 husstandar. NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Breivikelva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.

NVE gjev konsesjon til bygging av Breivikelva kraftverk etter revidert søknadsalternativ. Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 300 og kote 20 i Breivikelva.  Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere nedgraven heile vegen. For å ta vare på naturverdiar og oppretthalde noko av den økologiske balansen knytt til elva, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring på 360 l/s i sommarsesongen og 50 l/s resten av året i Breivikelva. Dette er også eit viktig avbøtande tiltak for å ivareta Storforsen som landskapselement. Det skal leggast særleg vekt på omsynet til reindriften ved at skogsvegen langs rørtraseen skal haldast stengt med bom når rein beiter eller flyttast i området. NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Breivikelva kraftverk på fastsette vilkår.