Trollvikelva kraftverk

Registreringsnummer
5445
Saksnummer
200802147
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.06.2013
Tiltakshaver
TROLLVIKELVA KRAFT AS
Fylke
Troms
Kommune
Kåfjord
Vassdragsområde
206.31
Søkt produksjon
14,70 GWh

NVE har hatt11 søknadar om bygging av småkraftverk i Nordreisa og Kåfjord kommunar i Troms til handsaming. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til seks.

NVE har gjeve konsesjon til Nedre Tverrelva og Kristianelva kraftverk i Nordreisa kommune, og til Trollvikelva, Nomedal og Badjananjohka kraftverk i Kåfjord kommune. Samstundes har vi avslått søknadane om bygging av kraftverka i Rotsundelva, Iselva og Øvre Tverrelva i Nordreisa kommune, og Sogeselva, Melen og Hanskejohka kraftverk i Kåfjord kommune. Dei fem kraftverka som har fått løyve vil, etter dei vilkåra som er sett, produsere om lag 40 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2000 husstandar. Produksjonen for dei kraftverka som er avslått ville totalt blitt på om lag 34 GWh.

 

NVE har handsama dei 11 søknadane samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar som best trer fram når sakene blir sett i samanheng. Omsynet til reindrift, biologisk mangfald og landskap og friluftsliv har vist seg å vere avgjerande for kva saker som har fått løyve og kva saker som har fått avslag.

 

Sametinget og Områdestyret i Vest-Finnmark v/Reindriftsforvaltninga har til saman fremma motsegn mot åtte av prosjekta. NVE har til dels vore einig i deira vurderingar, men har i tre saker vurdert at kraftverket likevel bør få konsesjon. Dette gjeld kraftverka Badjananjohka, Nomedal og Trollvikelva kraftverk i Kåfjord kommune. NVE meiner at reduserte alternativ og krav til teknisk utforming av anlegg vil redusere konflikten med reindrifta.

 

NVE har lagt vekt på omsynet til reindrifta, verdifullt biologisk mangfald og urøyrd landskap. Samstundes har vi lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med ålmenne interesser. Vi har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusera konflikten med dei ålmenne interessene.

Konsesjonen for Trollvikelva kraftverk ble 09.03.2018 overført til Clemens Kraft.