Kulu kraftverk
- Registreringsnummer
- 5377
- Saksnummer
- 200800532
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 07.11.2012
- Tiltakshaver
- LHI SOLARWIND HYDRO KULU 2642 AS
- Fylke
- Buskerud
- Kommune
- Ål
- Vassdragsområde
- 012.CF422
- Søkt produksjon
- 6,80 GWh
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Blåfall AS løyve til å bygge Kulu kraftverk med inntak nedanfor Kulufossen, i Ål kommune i Buskerud. Anlegget vil produsere omlag 6,8 GWh/år og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 350 husstandar.
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 235 m, med inntak på kote 685, nedanfor Kulufossen, og kraftstasjon på kote 450. Vassvegen på omlag 1,2 km skal gravas ned på heile strekninga.
Søknaden har vorte endra flere gangar i løpet av søknadsprosessen, men kraftverket er no omsøkt med eit inntak nedafor Kulufossen og avløp ved inntaket til Nes kraftverk. Avløpsvatnet frå kraftverket må krysse i kulvert under Bergensbanen. Det skal byggast permanent veg inn til kraftstasjonen og inntaket.
Kulufossen som landskapselement og dei viktige biologiske verdiane rundt denne har vore dei viktigaste tema i høyringa av saka. Det har kome fram at fossen er viktig for bebuarar i Ål sentrum og for rekreasjon i området langs elva og fossen med mellom anna ofte nytta turstiar. Det er og registrert viktige biologiske verdiar med direkte tilknyting til fossen.
Med inntak nedanfor Kulufossen og påviste verdfulle artar langs elva, er tiltaket etter NVEs syn, lite konfliktfylt. NVE har og sett vilkår om ei heilårleg minstevassføring for å bøte på verknadene bygginga vil kunne få på livet i og langs elva på den strekninga som vert råka. Det skal og tas omsyn til turstiar i området ved graving av rørtrasé.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Kulu kraftverk på fastsette vilkår.