Nedre Russvik kraftverk

Registreringsnummer
5363
Saksnummer
200800089
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
29.02.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT USPP 1 AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hamarøy
Vassdragsområde
171.82B
Søkt produksjon
5,00 GWh

NVE har handsama søknadene om bygging av Øvre og Nedre Russvik kraftverk i Tysfjord kommune i Nordland. Vi gjev løyve til å byggje Nedre Russvik kraftverk, som vil gje ein årlig produksjon på om lag 5 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til 250 husstandar. NVE ga opprinneleg ikkje løyve til Øvre Russvik kraftverk grunna konfliktar med omsyn til landskap og inngrepsfrie område. Etter klagehandsaming i OED vart avgjera omgjort. 

Løyve til Nedre Russvik kraftverk

Nedre Russvik kraftverk er planlagt med ein installert effekt på til saman 2,3 MW fordelt på to turbinar og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 5 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til 250 husstandar. Utbygginga av Nedre Russvik vil ikkje påverke registrerte utvalte naturtypar eller trua artar. Ved etablering av rørgate langs eksisterande traktorveg vil også inngrepa knytt til utbygginga reduserast til eit minimum. Ved slipp av sesongbasert minstevassføring meiner NVE at vassdragets landskapsverdiar blir ivaretatt i tilstrekkelig grad.