Akslandselva kraftverk

Registreringsnummer
5215
Saksnummer
200707947
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.03.2011
Tiltakshaver
AKSLANDSELVA KRAFTVERK AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
042.11Z
Søkt produksjon
7,54 GWh

NVE gjev Akslandselva kraftverk AS løyve til å bygge Akslandselva kraftverk i Etne kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.

Akslandselva Kraftverk AS har fått løyve til bygging av Akslandselva kraftverk i Etne kommune. Kraftverket vil få ei installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 6 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 340 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1475 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne rør mellom inntak og kraftstasjon. Den verdfulle naturtypa bekkekløft er registrert på elvestrekninga som blir fråført vatn.

Utbygging vil medføre nokre negative verknader for natur- og landskapsverdiar. Det gis ikkje løyve til overføring av Buhillersbekken. Buhillersbekken vil bidra til høgare restvassføring i bekkekløfta og sikre ein viss vassføringsdynamikk i elva. NVE meinar at med tilstrekkjeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Akslandselva kraftverk.