Skravlåga kraftverk
- Fullført Under behandling
- Fullført På høring
- Ikke fullført Ferdig behandlet
- Registreringsnummer
- 5094
- Saksnummer
- 200709726,201833293-9
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 05.08.2010
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Vefsn
- Vassdragsområde
- 155.21Z
- Søkt produksjon
- 21,50 GWh
NVE gjev Norsk Grønnkraft AS løyve til å bygge Skravlåga kraftverk i elva Skravlåga i Vefsn kommune i Nordland. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 7,1 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 20 GWh. Produksjonen svarar til straumbruken til rundt 1000 husstandar.
Skravlåga kraftverk vil nytte eit fall på 266 meter i elva Skravlåga. Kraftverket vert bygd med ein inntaksdam og røyrgata skal gravast ned fram til kraftstasjonen. I Skravlåga finst det to bekkekløfter med høg botanisk artsrikdom, og det går anadrom fisk opp i vassdraget. Området er viktig for reindrift. Røyrgata vil verte grave ned i så stor grad som mogleg, og vil krysse ei av reindrifta sine flyttleier. Anleggsperioden skal avklarast med reindrifta. For å redusere ulempene for reindrifta vil òg vegen til inntaket verte fjerna etter anleggsperioden. Slik tiltaket er utforma vil reindrifta ikkje verte monaleg forstyrra dersom det vert teke omsyn i anleggstida. NVE har sett krav om ei minstevassføring som skal ivareta omsynet til fisk, fukt i bekkekløftene og vasstilknytta liv i og langs elva. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ei auke i fornybar energiproduksjon på 20 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Skravlåga kraftverk på fastsette vilkår.
Konsesjonen for Skravlåga kraftverk bel 11.0j4.2018 overført til Småkraft AS