Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Fjelna kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
5016
Saksnummer
200703590
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.09.2010
Tiltakshaver
NORDIC POWER AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Heim
Vassdragsområde
113.A0
Søkt produksjon
17,00 GWh

NVE gjev Fjelna Kraftverk AS løyve til å bygge Fjelna kraftverk i Fjelna i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 15,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 750 husstandar.

Fjelna kraftverk vil nytte eit fall på omlag 90 meter i Fjelna elv. Kraftverket vert bygd med vassveg delvis i tunnel og nedgravd røyr.

Fjelna elv renn gjennom Kårøydalen og nordover mot Vinjeøra der ho munnar ut i Vinjefjorden. Den nedre delen av Fjelna er prega av jordbruksaktivitet og menneskeleg påverknad, og det går ein veg og ei kraftline innover Kårøydalen frå Vinjeøra.

Av omsyn til anadrome fiskeslag på strekninga frå Kvernhusfossen og ned til Vinjefjorden meiner NVE at kraftstasjonen til Fjelna kraftverk må flyttast til ovanfor Kvernhusfossen, og at det må installeras ein omlaupsventil i kraftstasjonen. Ei utbygging med slepp av minstevassføring heile året vil òg medverke til å oppretthalde produksjonen av innsekt og botndyr i vassdraget, og til ein viss grad ivareta elva som oppvekstområde for utsett lakseyngel.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 15,6 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Fjelna kraftverk på fastsette vilkår.

Konsesjon for Fjelna kraftverk ble overført Nordic Power august 2015.