Ytre Oppedal småkraftverk
- Registreringsnummer
- 4663
- Saksnummer
- 200700603
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 11.04.2011
- Tiltakshaver
- YTRE OPPEDAL KRAFTVERK AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Gulen
- Vassdragsområde
- 069.41Z
- Søkt produksjon
- 6,90 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 11.04.2021
NVE gjev Ytre Oppedal kraftverk AS løyve til å bygge Ytre Oppedal kraftverk i Gulen kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 6,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 320 husstandar.
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,4 MW og vil nytte ei fallhøgd på om lag 190 meter, frå inntak på kote 300 og ned til kraftstasjon på kote 110. Vatnet skal førast i nedgravd røyr frå inntaket til kraftstasjonen.
Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskap og friluftsliv. NVE meiner likevel det vil vere mogeleg å bøte på ein del av dei negative verknadene ved slepp av minstevassføring heile året og tilpassing av røyrgatetrasé. Minstevassføringa vil vere særskild viktig om sommaren når bruken av området er størst. Røyrgata vil for det meste følgje allereie opparbeida sti. Dette er etter NVE sitt syn den beste løysinga da terrenget stadvis er svært sidebratt. Frå stien og mot kraftstasjonen vil røyrgata leggjast i kommunal veg. Etter anleggsperioden vil stien bli tilbakeført og forsterka til ein køyresterk trasé.
NVE vurderar nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser og gjev difor løyve til bygging av Ytre Oppedal kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:Ellen F. Andersen, Seksjon for småkraftverk og andre vassdragsinngrep
Øystein Grundt, Seksjonssjef for seksjon for småkraftverk og andre vassdragsinngrep