Strupen kraftverk

Registreringsnummer
4399
Saksnummer
200703261
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
13.11.2009
Tiltakshaver
STRUPEN KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Gloppen
Vassdragsområde
087.CC
Søkt produksjon
7,20 GWh

Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på inntil 6,9 MW og ville fått ein årleg produksjon på om lag 27,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1380 husstandar. Dei flotte fossefallene i Strupen gjer eit mektig inntrykk i det urørte landskapet nær grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark. Den verdifulle naturtypen fossesprøytsone og den sårbare vegetasjonstypen fosseeng er påvist på minst to stader, og det vurderast som sannsynleg at det er raudlista arter i prosjektområdet. NVE legg i si vurdering vekt på at ei utbygging av det høge fallet i Strupen inneber eit inngrep med store negative konsekvensar for allmenne interesser, sett i høve til kraftmengda som vil bli produsert. NVE meiner at skadane og ulempane er større enn fordelane ved å byggje kraftverket etter planane i søknaden. Kravet i vassressurslova for å gje løyve er difor ikkje oppfylt for dette alternativet. Ved å bygge inntaket nedanfor fossaene vil kraftverket få ein installert effekt på 1,8 MW og ein årleg produksjon på om lag 7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar. NVE meiner at skadane og ulempane for almenne interesser ved ei redusert utbygging vil verte små. NVE gjev difor løyve til dette alternativet på nærare fastsette vilkår.