Overføring av Blådalsvatnet til Juklavatnet - Folgefonnverkene

Registreringsnummer
4165
Saksnummer
200704246
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
30.03.2012
Tiltakshaver
STATKRAFT ENERGI AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kvinnherad
Vassdragsområde
046.4Z
Søkt produksjon
46,00 GWh

NVE har fått inn ein søknad frå Statkraft Energi AS, datert 29.03.2023, om forlengd byggefrist for overføringa av Blådalsvatnet til Juklavatnet med inntak av bekkar i Blådalen, Kvitnadalen og Botnane.

Statkraft fekk ved kongeleg resolusjon av 30.03.2012 konsesjon etter vassdragsreguleringslova § 8 til overføring av Blådalsvatnet til Juklavatnet. Tiltaket er eit opprustings- og utvidingsprosjekt som skal bidra til auka regulerbar kraftproduksjon i Maurangerreguleringa. På grunn av høge utbyggingskostnader og låge kraftprisforventningar blei ikkje prosjektet realisert innan opphavleg frist. Byggefristen vart difor forlenga i 2017, til 30.03.2022.

I mai 2022 sendte Statkraft søknad til NVE om konsesjon til å bygga Mauranger 2 kraftverk. Søknaden omfattar eit større O/U-prosjekt der overføringa av Blådalsvatnet til Juklavatnet inngår som ein del av prosjektet. NVE har vurdert konsesjonssøknaden og tilrådd at det blir gjeve konsesjon til Mauranger 2, og har samstundes behandla revisjon av konsesjonsvilkår for Maurangervassdraga. Departementet skal sluttbehandle og treffe vedtak i desse sakene.

Dersom Mauranger 2 ikkje får konsesjon, vil Statkraft vurdere overføringa av Blådalsvatnet til Juklavatnet som eit sjølvstendig tiltak. Statkraft søkjer difor om ei ytterlegare forlenging av byggefristen for denne konsesjonen frå 2012. Dei ber om at byggefristen blir forlenga til 30.03.2030, slik at det er tilstrekkeleg tid til å avklare konsesjonsspørsmålet om Mauranger 2.

NVE vil oversende vår vurdering av søknaden om forlengd byggefrist som ei innstilling til Energidepartementet.