Flateland kraftverk

Registreringsnummer
3973
Saksnummer
200707559
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
13.09.2013
Tiltakshaver
VEGUSDAL KRAFTVERK AS
Fylke
Agder
Kommune
Birkenes
Vassdragsområde
020.BBA0
Søkt produksjon
46,00 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 13.09.2021

 

Tillatelse til utbygging av Flateland kraftverk

Ved kongelig res. av 13.9.2013 fikk Vegusdal Kraftverk AS tillatelse til å bygge Flateland kraftverk. Olje- og energidepartementet har fulgt NVE si tilråing.

Kraftverket vil nytte fallet mellom Lislevatn og Vågsdalsfjorden i Birkenes kommune. Hovlandsåna er tenkt ført over til Kjetevatn som vert inntaksmagasin til kraftverket med ein regulering på 2 m. Flateland kraftstasjon vil ligge ca 500 meter frå Flateland gård på Vegusdal.

Den samla energiproduksjonen i kraftverket vert om lag 46 GWh/år som tilsvarar straumforbruket for 2300 husstandar.

I vår tilråing la vi vesentleg vekt på at prosjektet vil gje eit monaleg bidrag til produksjon av regulerbar kraft, og at tiltaket sine verknader for miljø og naturressursar er akseptable. Vi la og vekt på at vassdraget allereie er påverka av kraftutbygging i stor grad. Vi foreslo slepp av minstevassføring i Hovlandsdalsåna og i Tverreåna, ei årleg spyleflaum i Hovlandsdalsåna, og andre avbøtande tiltak.