Elektrifisering av Snorre A plattformen i Tampen-området
- Tiltakshaver
- EQUINOR ASA
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202317079
- Status
- Melding trukket
- Dato
- 28.10.2025
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kinn, Bremanger
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt på høyring ei melding frå Equinor om elektrifisering av petroleumsfelta i Tampen-området. Anlegga for landstraum vil kunne påverke Bremanger kommune i Vestland.
NVE ber om innspel til meldinga innan 28. mars 2025.
Har du spørsmål om NVEs sakshandsaming?
Kontakt Martine Hamnes: marh@nve.no / 22 95 90 56
Har du spørsmål om prosjektet?
Kontakt Jarle Øverland: jaove@equinor.com / 908 92 880
Kva er ei melding?
Ei melding er ei tidleg varsling av eit tiltak og gjer ei overordna beskriving av ein utbyggjars planer med vurdering av moglege verknader for omgjevnadane. Vidare blir det gjeve eit forslag til kva konsekvensutgreiingar utbyggjar meiner må gjennomførast før det kan søkjast konsesjon seinare i prosessen. Dette blir kalla eit utgreiingsprogram.
Føremålet med meldinga er i gje dei som kan bli påverka av tiltaket informasjon om planane, samtidig som desse får høve til å kome med fråsegn og innspel til kva som bør greiast ut vidare. På bakgrunn av meldinga og innkomne høyringsfråsegner, vil NVE fastsetje endelege krav til kva konsekvensutgreiingar som må gjennomførast.
Equinor melder tre moglege alternativ for å føre landstraum ut til petroleumsfelta i Tampen-området:
· Alt. 1 frå Ålfoten transformatorstasjon, til landtak ved Bortnen, og sjøkabel ut til petroleumsfelta.
· Alt. 2 frå Ålfoten transformatorstasjon, til landtak ved Merkingsneset/Djupvika, og sjøkabel ut til petroleumsfelta.
· Alt 3. frå Hennøy transformatorstasjon, til landtak ved Merkingsneset/Djupvika, og sjøkabel ut til petroleumsfelta.
Kva slags innspel ønskjer NVE i samband med høyringa?
Gjennom høyringa av meldinga ønskjer NVE spesielt innspel på følgjande:
· Manglar i Equinors forslag til konsekvensutgreiing (utgreiingsprogram), som eksempelvis tema eller spesielle lokale forhold som ikkje er vareteke og metodar som bør nyttast til særskilde tema i utgreiingane.
· Innspel til Equinors melde leidningstrasear
· Om det er nye trasear som bør greiast ut utover dei som er melde
Det er først etter høyringa av konsesjonssøknad seinare i prosessen NVE vil ta stilling til om Equinor skal få lov til å byggje kraftleidningane. Vi gjer derfor merksame på at innspel for eller mot tiltaka, under dette behovet for tiltaka, er mindre relevante i denne høyringa.