Frå 20 stader i landet overvakar NVE snøtilhøva ved hjelp av ulike automatiske snøstasjoner. Stasjonene registrerar endringar i snøtilhøve og gjør at vi kan fylgje med i den dagelege utviklinga av snøtilhøva.

På kring 20 stasjoner på strategisk valde stader i landet vert snødjup og snøens vassekvivalent registert kontinuerleg. Dette gjer at vi kan fylgja med i den daglige utviklinga av snøakkumulasjon og snøsmelting gjennom heile vinteren. Dei automatiske snøstasjonene måler snøens vassekvivalent (SWE) og kan blant anna gje eit forvarsel om flaum. Data fra stasjonene kan også nyttas til å rekne på taklast og til å rekne på klimaendringar og smelterate. Ofte vert data også nytta til å gi ein peikepinn på korleis snøtilhøve i de hydrologiske modellene våre stemmer.  

I NVE sitt nettverk av automatiske snøstasjoner vert det nytta både såkalla "snøputer", "snøvekter" og sensorer som reknar ut snømengda basert på den naturlege emitterte strålinga frå bakken (passive gamma sensorer). På nokre stasjoner har vi fleire instrument som registrerar snøens vassekvivalent, noko som gjer at vi kan samanlikne dei ulike instrumenta. Eit eksempel på ei slik stasjon er forskningsstasjonen på Filefjell. Den kan du lese meir om her. 

Historie

Snøputer har vorte nytta til å måle snøens vassekvivalent sidan 1961-1962 i Oregon, USA. NVE etablerte si første snøpute i forsøksfeltet ved Kyrkjestølane på Filefjell allereie i 1967. Forsøksfeltet vart etablert i forbindelse med Den Internasjonale Hydrologiske Dekade (IHD), 1965-74. Når IHD vart avslutta, fortsatte NVE å samle inn data frå snøputa. På Groset i Telemark og Brunkollen i Bærum vart det satt i drift snøputer i 1971 og 1983. Alle desse putene er framleis i drift.

Frå 1997-1999 vart det sett ut 15 snøputer som ein konsekvens av den store flaumen i 1995. Det var naudsynt å ha ein betre oversikt over snømagasina og betre kunne varsla flaumar. I 2010 etablerte vi den fyrste snøvekta av typen "Møen2525" på forskningsstasjonen på Filefjell. fyrste gong vi med suksess testa ut ein gammasensor var på same stasjonen året etter.   I perioden frå 2009 til 2015 vart snøstasjonsnettverket hjå NVE evaluert, nokre nye stasjoner har vore satt i drift samstundes med at andre har vorte lagt ned. NVE driftar i dag eit nettverk av rundt 20 snøstasjoner fordelt ut over heile landet frå 85 moh til 1400 moh. 

Nettverket av stasjonar

Per 2016 består stasjonsnettverket for automatiske målinger av snø av 19 stasjoner der både snødjup og vassekvivalent verte registrert automatisk, og ein stasjon som berre registrerar snødjup. I tillegg har vi ei snøstasjon på Ny-Ålesund på Svalbardm som måler snøens vassekvivalent. På tre av dei nevnte stasjonane registreres vassekvivalenten ved hjelp av snøvekter, mens ein av dei 19 stasjonene berre har gammasensor. To av stasjonene har vore forskingsstasjoner, og det er skrevet mange rapportar om tilhøvet ved disse stasjonene, sjå tildømes denne og denne rapporten. Data frå stasjonane våre er offentlege og kan nyttast av alle. Du finn data frå stasjonane ved å huke av på snøstasjoner på www.senorge.no / www.xgeo.no eller ved å kontakte oss. Vi mottar òg data frå fleire av kraftselskapas automatiske  snøstasjoner. Data frå dei er ikkje offentlege.  

Dei ulike instrumenta

Som nevnt over er både snøputer, snøvekter og gammasensorer nytta hjå NVE for å måle snøens vassekvivalent automatisk. Snøputene og -vektene har til felles at dei er lokalisert under snøen og måler vekta av overliggende snø. I snøputa skjer det ved at ein trykkcelle registrerer trykket som snøen utøver på væsken i puta, mens ei snøvekt fungerer mer eller mindre som ei badevekt - altså ei vekt med veieceller. Ei gammasensor står over snøen og "ser ned". Denne type sensor beregner snømengda ut i fra kor mykje gammastråler som vert registert. Di meir snø, di mindre gammastråler vert fanga opp av sensoren.  Fordelane og ulempane med dei ulike instrumenta er det skrevet meir om i denne rapporten

Meir informasjon kan du også finne i Retningslinjer for registrering av snøens vassekvivalent ved hjelp av automatiske målemetoder. 

 

Figur 1: Kart over snøstasjonsnettverket (klikk i kartet for å få større bilete).