Avbrotsstatistikken for 2025
I 2025 var kundane i Noreg i snitt utan straum i 3 timar og 33 minutt, det lengste dei siste ti åra. Det viser avbrotsstatistikken frå Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME).
Samanlikna med tidlegare år var 2025 eit år med spesielt lang tid utan straum for kundane, sterkt påverka av ekstremvêret Amy.
- Både varigheita på avbrota og tida kundar var utan straum, var, som følgje av Amy, det høgste dei siste ti åra. Kundar har ikkje vore utan straum like lenge i snitt sidan 2011 då ekstremvêret Dagmar råka Noreg i desember, seier seksjonssjef i RME, Torfinn Jonassen.
Levert og ikkje-levert energi
Samla levert energi til kundane var i 2025 om lag 134 TWh. Dette inkluderer forbruk som kan koplast ut, men ikkje overføringstap i nettet. Dette er ein auke på rundt 3 TWh frå 2024.
Ikkje-levert energi (ILE) er den mengda energi som hadde blitt levert til kundar dersom avbrot ikkje hadde oppstått. I 2025 var mengda ikkje-levert energi 24 GWh (0,024 TWh), ein auke på litt under 5 GWh frå 2024. Dette er det nest høgaste nivået dei siste ti åra, og skuldast i all hovudsak ekstremvêret Amy.
Ekstremvêret Amy førte til fall i leveringspålitelegheita i 2025
Leveringspålitelegheita er ein indikator som angir kor stor del av energien som faktisk blei levert, tatt omsyn til energien som ikkje blei levert på grunn av avbrot. Indikatoren blir ofte påverka av kraftig uvêr eller andre enkelthendingar hos nettselskap.
I 2025 var leveringspålitelegheita 99,982 prosent, det nest lågaste nivået dei siste ti åra. Ekstremvêret Amy hadde store avbrotskonsekvensar og stod for ein betydeleg del av den ikkje-leverte energien dette året.

Figur 1: Leveringspåliteligheita nasjonalt frå 2016-2025.
Eit utval nasjonale nøkkeltal
Avbrotsstatistikken for 2025 viser mellom anna at:
- Det totalt var 12,5 millionar avbrot som hadde ei snittvarigheit på 58 minutt.
- Kundane i snitt opplevde 3,7 avbrot, fordelt på 2,0 langvarige avbrot (over tre minutt) og 1,7 kortvarige avbrot (tre minutt eller kortare).
- Kundane i snitt var utan straum i 3 timar og 33 minutt.
- Nettselskapa brukte i snitt 1 time og 45 minutt på å få straumen tilbake etter eit langvarig avbrot.
- Kundar som opplevde minst eitt langvarig straumbrot, var i snitt utan straum i 6 timar og 17 minuttar og opplevde 3,6 langvarige avbrot.
- Den samla KILE-kostnaden i 2025 var 1066 millionar kroner.
Store skilnader mellom nettselskap og fylke
Avbrotsstatistikken for 2025 viser store skilnader både mellom nettselskap og mellom fylke når det gjeld kor lenge kundane var utan straum. Tala peiker på at nokre område og nettselskap blei langt hardare råka enn andre.
Blant nettselskapa var det særleg selskap i område som blei sterkast påverka av ekstremvêret Amy der kundane i snitt var lenge utan straum i 2025. Samtidig hadde kundane hos enkelte nettselskap i snitt kort tid utan straum.
|
Nettselskap |
Gjennomsnittleg tid kvar kunde var straumlaus |
|
Lengst utan straum (topp 3) |
|
|
Tensio TN AS |
18 timar og 36 min |
|
Nettselskapet AS |
15 timar og 58 min |
|
Linea AS |
8 timar og 58 min |
|
Kortast utan straum (botn 3) |
|
|
Griug AS |
1 time og 32 min |
|
Elvia AS |
1 time og 18 min |
|
Lnett AS |
1 time og 15 min |
Tabell 1: Dei tre nettselskapa med meir enn 15 000 kundar der kundane i snitt var lengst og kortast utan straum i 2025.
Skilnadene kjem òg tydeleg fram når ein ser på fylka. Trøndelag var det fylket der kundane i snitt var lengst utan straum i 2025, med eit snitt på 11 timar og 23 minutt. Kundane i Trøndelag var dermed utan straum vesentleg lengre enn kundar i andre fylke.
|
Fylke |
Gjennomsnittleg tid kvar kunde var straumlaus |
|
Trøndelag |
11 timar og 23 min |
|
Telemark |
5 timar og 53 min |
|
Agder |
5 timar og 36 min |
Tabell 2: Dei tre fylka der kundane i snitt var lengst utan straum i 2025.
Auka KILE – særleg i Trøndelag
KILE-nivået var høgare i 2025 enn i 2024, med ein auke på 233 millionar kroner. Ein stor del av auken kjem frå to nettselskap i Trøndelag. Tensio TS og Tensio TN stod samla for 24 prosent av den totale KILE-kostnaden i 2025, mot 8,3 prosent året før. I 2024 hadde begge selskapa ein KILE på rundt 35 millionar kroner, medan kostnaden i 2025 auka til høvesvis 134 millionar kroner for Tensio TS og 123 millionar kroner for Tensio TN.
|
Nettselskap |
KILE |
|
Elvia AS |
142 millionar kroner |
|
Tensio TS AS |
134 millionar kroner |
|
Tensio TN AS |
123 millionar kroner |
Tabell 3: Dei tre nettselskapa med høgast KILE i 2025.